Internt referansenummer:B-000016
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen III
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 71
OSLO 1953
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”

Dødsfall


Feigt folk (Gamel-Taulsta'n)


Gamel-Taulsta'n visste tidi si. Ein dag var mannen på Råstad innom på Taulstad og helsa på han, og da han var ferdig til å gå att, fylgde Taulsta'n med ut om døri, som skikken er. Dei vart ståande der og sjå nord over bygdi og talast ved. Det vil ofte ta ei stund å skiljast når tvo gamle vener står slik og ser ut over grendi og minnest opp att både det eine og andre. Da Råsta'n skulle til å køyre, sa Taulsta'n:

– Eg kjem til å gjera ein tur nordover bygde snart, eg au.

Han tenkte på siste ferdi til kyrkjegarden, og det var hans måte å seia det på.

Ikkje lenge etter vart Taulsta'n liggjande. Han låg på ei høgstugu, og som vanleg var troppi opp både bratt og trong og travaleg å fara med noko stort i.

Ein dag kona og dotter hans var oppå stugun åt han, tykte dei det såg ut til at det kunne ikkje vera lenge att med han, det kunne vera slutt kva tid som helst. Gamlingen låg som han ikkje visste tå seg lenger. Dessa tvo kvinnun tok til å tala stilsleg om korleis dei skulle gjera det når han var død. Dei nemnde på at det vart ikkje så endefram å få ein slik stor kropp ned den tronge troppi. Han kunne skumpe inn-på både her og der. Da letta gubben bort i sengen på seg og sa:

– Å, ikkje farleg det. Er tolug kropp eg da.
(Vågå.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *