Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

DOTTER MI VIL GIFTA SEG

Når ein mann i Eiken hadde ei dotter som ville gifta seg, rei han med henne til kyrkjeålmugen og ropte:

– Dotter mi vil gifta seg!

Jenta hadde eit belte kring livet, og til det var fest ei tom slire. Var det nokon som ville ha jenta, kom dei med ein kniv og stakk i slira, men ville ho ikkje ha guten, heldt ho handa over.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *