Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Dovre Musikklag, Dovre

Dovre_Musikklag-Dovre
Fotograf ukjent.
Stående fra venstre: Ole Bakken, Johan Brun, Helge Kirkestuen, form. Magne Nygarden, Johs. Slette, Ragnar Aasen, Johs. Pnitstoløkken, Finn Ekre.
Sittende fra venstre: Bjørner Ekre, Odd Byre, Gunnar Byre, Roald Botren, Ola Skrugstad, dir. Odd Bjerke, Peder Drøivollsmo, Odd Stigen, Vemund Vigerust, Arne Stigen, Odd Almli.

I slutten av året 1906 kom nokre Dovregutar saman for å starta musikkforening. Dei gløgge gutane var Ola Skrugstad, Trond Vigerust, Sigurd Haugen, Johan Haugen, Sigurd Tallerås, Olav Landheim og Antin Storlien.

Ved lån og andre inkomor, skaffa dei seg pengar til instrument som dei flittigt brukte, slik at dei alt 17. mai 1907 kunne marsjera gjenom bygdi og tonane frå eige musikkforening klang for fyrste gong på Dovre. Med Skrugstad som leiar, greidde gutane å fullføra sitt gode tiltak som vart grunnlaget for musikkforeninga dei kalla «Fram». Seinare omdøypt til Dovre Musikklag.

I omlag 35 år var Skrugstad dirigent. Gjenom alle desse år, i skiftande tilhøve, greidde han å halda det heile saman og føre det framover, så da han takka av i 1940 talde laget omkring 20 musikarer. Nemnast må og komponisten Ole Hjellemo. Under opphald i heimbygda vitja han laget og det er klart at Hjellemo, med sin musikkgivnad, kom med nye impulsar som førde laget vidare framover.

Av andre som var til stor hjelp dei fyrste åra kan nevnes: A. Dalseg, J. Hageløkken og A. Berge. Med krigen vart det og stans i musikklagets virke, slik at for det meste nytt mannskap prega laget frå 1945.

Frå 1946 vart Odd Bjerke tilsett som dirigent. Og med hans fagkunnskap, og sers dyktige ledelse, sette no musikklaget større oppgåver i programmene, enn vanleg før. Tok med hell del ved stevner i krinslaget, og var og med og skipa til forbundsstevne på Dovre 1950.

Dette er eit kort oversyn over Dovre Musikklag gjenom snart 50 år. Mange er det som har vore med gjenom tida og har fortent omtale, men plassen tillet det ikkje. Skal berre nemne dei som er med i styret for 1955: formann Magne Nygarden, Bjørner Ekre, Odd Almli, Helge Kirkestuen og Ola Skrugstad. Dirigent er Odd Bjerke.

Disse vil saman med dei andre i musikklaget føre vidare tanken som dei fyrste gutane gjekk inn for, å bringe musikken framover og gjera den til den kulturverd som musikken er.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *