Internt referansenummer:B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

DRAAP

Ein polakar hadde drepe tri mann paa Lauvdal, det skulde endua vera den dagen han var brudgom. Han vart dømd fraa livet.

Fyrr han vart avretta, bad han dei vilde leggja han paa ein plass der alle kunde trø paa han. So la dei liket med Logaanbruno.
(Bjelland).

**********

Ein bygdemann i Kvinesdal hadde drepe ei gjenta. Han vart avretta paa Gjetnlestadmonen. Forteljaren trudde besta hans kunde minnast det. Ho var fødd 1802.

Der var tri steina. Der han kunde hoppa a’ den eine paa den andre, skill’ an bli fri.

**********

Ein gong det var bryllup i Aaso, slo Torgrim paa Snògjæ Torgje Aaso i hovudet. Det sette seg vondt i saaret so Torgje døydde av det.

Dei hev hogge ein kross i ein stein der det hende.
(Fjotland).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *