Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Dragsmålet på Torsgard


Ringbyggjingan og øyveran hadde vorte osamde um hamneretten i Eldådala. Ringbyggjingan hadde krytera sine inni der, men øyveran jaga dei frå der att. Så vart det trette um detta. Men ista'n for å la øverheita avgjera dette med ein dom, vart dei forlikte um at del skulde ta ut ein kar frå kvar bygd, og dessa skulde da avgjera saka. Dei skulde sjå kem som vann i eit ærleg dragsmål. Ringbyggjingan hadde ei kjempe som heitte Bendik Sylte, og øyveran hadde og ei stor kjempe. Dei møttest på Torsgard og tok til med dragsmålet ti'leg på dagen og heldt på til seine kvelden, og ennå var det ikkje avgjort kem som var over. Neste dag da øyveringen møtte upp, hadde han Bendik smurt seg inn med grønsåpe, og kvar helst øyverskjempa skulde gripe ti han, glatt taket. Og ho gav difor upp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.