Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949

Dråpsmannen

 

På Kirkholt i Rindalen var ein gong eit stort brudlaup. Slåsting vart det snart, og ein heldt på å verte tynt. Då kom bror hans farande med tollekniven og rende inn i flokken for å berge bror sin; men i mylderet tok han i miss og gav bror sin banesår.

Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Han vart dømd som dråpsmann til ei uhorveleg hot og laut røme inn i Folldalen. Der bygde han seg ei stove ved Stogubekken ikkje langt frå Hallvardligarden. Slektningane hans bar mat til han av og til, og so dreiv han veiding so han berga seg godt. — Ein vinterkveld han sat åleine inne i stova si, kom der ein stor kar og let upp gluggen utanfrå og spurde um han vilde byta «flaka» (ski) med honom. Rømlingen svara at han kunde få ta kva ski han vilde. Um morgonen han kom ut, var det eine skiparet hans burte, men eit anna sett i staden. Det hadde vel vore ein annan stakar som var på røming det. Ein vinter hadde det lenge vore styggever, so han ikkje fekk vere ute på veiding, og heller ikkje kom der mat frå Kirkholt. Då svalt han og leid vondt, og han var mesta ferdig å leggje seg fyre å døy. Men so vilde han gjerne sjå sola, før han døydde, og krabba seg ut for døra. Då sat der ei rjupe på hustaket hans. Han vann seg so vidt inn etter byrsa og fekk skote rjupa. Når han hadde fenge den steikt og eta, so kom han seg so pass at hån greidde seg. — Og no hadde han samla so mange villdyrskinn at han hadde nok til å bøte for seg med. Han tok då skinna på ryggen og lagde i veg nedover. Da han kom til Kvammen, var det ting der, og han gjekk då fram for tingmennene og løyste seg ut. — Sidan budde han alle sine dagar på farsgarden sin, Kirkholt.

M. B. 1.905
 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *