Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Draumegras eller å sova på stein

Fyrr i tidi brukte dei mykje å sova på «draumegras» for å få veta kven ein skulde ha — det er ein forvitneleg kunnskap.

Ein leitte upp ein fem- eller helst seks-kløver og la under hovudputa i ei seng der ein ikkje hade sove før — det skulde helst vera eit framandt hus med — og den ein då drøymde um, skulde ein få.

Slik var det i alle fall i Flå. Lenger uppe i Hallingdal sov dei på «stein». Joleftan tok ein 3 steinar, ein frå kvar sin brunn, la steinane under hovudputa og sov i eit hus ein ikkje hadde ligge før, og den ein då drøymde um skulde ein få.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *