Kilde
OR GOMMOL TI (I)
ÆVUNTUR Å SEGNE Å STUBBA TAO VOSSASTROND’NE
Knut Bjørnaas
Andre utgave
Voss 1943
Utgjeve av folkeminnenemndi på Voss

Drengjinn so skulde ao å stela belna.

Da va ain gut ai gong so tente i Uppigaræ pao Uppaim. So va da ain dag um vaor'n dai helde tak mè hesjabindingjinne, attù husbond'n sette drengjinn te gao å stela belna. — Han hadde unøgjes te ta tao sjølù, men han va formykkje ræddù um skogjinn. — Gut'n va no kje mykkje hùga pao da arbaie, kann du vita, å han ba seg undao i lengsto, men da hjelpte kje. Man'n gav seg ikkje før han fekk'an te lova att'an skulde fara pao belnasteling um nattæ. Å ja, naor kveld'n kom, tuska drengjinn seg te, å um morginn va han attùkomminn me ait stort belnakjippe.

«No, kor gjekk da?» spùre husbond'n, «du fann belna, main'eg.» Han va bliù no, kann du vita.
«Å, belna fann eg no alti, men heldis gjekk da alt-for idla, da,» sa drengjinn, å va fælt nesleptù, han.

«Eg va nett komminn burti Finnes-markjæ å heldt tak å rua stal. Dar visst'eg ikkje ore tao før dai komme yve meg. Dai komme so stings pao meg, so da va korkje rao te skjyla seg eldù rymma. No komma me vel i ulukka fy da baoe,» sa drengjinn å let ilt or seg, fy han hadde vòtte sendù i so idl ærend.

«Nai, du saie no vel ikkje da, vait, eg?» sa husbond'n. «Kor i verdsens rikje skulja me no far'aot?

Ve du ta da pao deg, å saia du gjore da sjøllbe'inn, so ska du fao tiù dala.»

Nai drengjinn va kje mair eldù maota hùga pao dan handùl'n. Han va kje tenktù te komma pao straff fy tiò dala, maint'an. Men sian han fekk pengane pao hondæ trast, vatt da so han slo te lika væl.

Sian haure dai kje mair gjite belnastelingjæ haile summar'n. So va da ain dag sainstù i slaottæ. Uppigarskarane vò uti taigo å sloe. Dao komme dai yve ain sta dar va tekje so mykkje belna, å svinglæ stygt va dar aotfare mè skogjæ og. Husbond'n undrast pao ka detta hadde pao seg.

«Hm, da è vandalaust å tukka seg te, da,» mainte drengjinn.

«D'è Finnes-karane so ha tekje belna attù i sta'inn da, kann du vita.»

Ja, da trudde husbond'n og da laut vè. Men han flain godt invertis, drengjinn, dao, tenkj'eg. Da va her han hadde vò ette belna, dan versdo han va tesettù fara å stela.


belna, bendlar.
I lengsto (dat.), i lengste laget.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *