Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

 

Dugande dreng

Ein skippar i Indre-Sogn som ikkje berre var kjent for å vera ein dugande sjømann, men og fordi han var ein ihuga fråhaldsmann, fortalde eingong fylgjande soge:

Han hadde hyrt seg ein dreng til sumararbeid på garden og vore rett heldig. Både våronna og haustonna gjekk unna i ein fei. Drengen var ikkje berre eit arbeidsjarn av dei få, men og ein mann ein kunne lita på og setja til sjølvstendig arbeid.

Då tenestetida var ute og løna var utbetalt, sa skipparen at sidan han hadde vore så nøgd med arbeidet skulle drengen få som ei ekstraløn ein del småved han hadde liggande.

Drengen som var frå same hygda, sa seg svart nøgd med det, og var takksarn.

«Det er likevel eit vilkår med denne gaova,» sa skipparen, «og det er at du ikkje brukar veden til ølbrygging.»
«Nei, da ska eg ikkje,» sa drengen, og dei skildes godt forlikte.

Nokre dagar etter vart skipparen vàr at det rauk jamt og kraftig frå eldhuset på den garden drengen budde. Han tala med tenestegjenta om dette, og ho kunne då opplysa at drengen dreiv og laga heimebrygg. Skipparen vart vrei. Dette skulle han nok taka drengen for. Han hadde nok ikkje halde ord.

Ei tid etter trefte det seg slik at dei møttest på vegen frå krambua.

Skipparen som var ein ordrik kar, buste på drengen og gav han inn etter notar. Då han til slutt stoppa for å trekka pusten, fekk endeleg drengen inn nokre ord.

«Du tek feil, skippar,» sa han. «Eg hev ikkje brukt veden din under brygginga. Eg brukte mor sin ved som eg bytta til meg for den veden eg fekk hjao deg.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *