Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud


Dugnad og samarbeid

(Hjå Andres Olson Grefsrud)


Her i Slidre var det ofte dugnad i gamal tid. Vilde ein bonde ta upp eit åkermål, kunde han lyse til dugnad.

Burt på Ø-e i Øyebygd'n er det ein åker dei kalle Hor'n (tjukk r eller l!). Han vart broten upp med dugnad. Det var ein lauskar som heldt til der burt på Ø-e, som for det fyrste fekk lov til å bryte seg upp eit åkermål der. Han fekk so eit kvinnfolk til å baka seg ein slump lefsor. So kjøpte han ei smørbal og fekk tak i noko brennevin. So lyste han ut at den og den dagen vilde han ha dugnad på brytingi. Det kom so mange med grev, spade og spet at dei kneip upp åkeren på ein dag. Dei knekte ned espar og småskog med handemakt. Dei trong ikkje stubbebrytar då! Sidan vart det brote upp fleire mål på same vis. Han godfar var endå med og braut, so det er vissa 100 år sidan.

Når nokon ikkje hadde slåttehjelp, kom grannane saman og gjorde slåtten med dugnad.

Hadde nokon ikkje hest, og han skulde ha køyrt noko mykje, som timber, ved, flytt eit hus eller anna, møtte bøndene upp til dugnadskøyring. Lensmann Bye hadde soleis lugnad på vedkøyring frå statskogen aust i Rebnisåsen og til Hamre. Kvar av grannebøndene køyrde eit lass. Slidre-presten, Winsnes, heldt dugnad på køyringi av bygnaden på Hausåker. Han vart flytt frå Rebne.

Nevertekking var det mest alltid dugnad på. Då kunde dei ogso ofte låne einannan never um han som heldt dugnad, fekk for lite. Dei la fintopp- og lyngtorv uppå nevri. Då fall ikkje torvi tettare ned på neverlaget anna enn vatnet rann lettare tå. No — som elles i dugnad — var det grendi som stod saman.

Folk var mykje meir hjelpsame før. Trong det spekekjøt eller annan mat til ein dugnad, so lånte dei av einannan. —

Gardane var i gamal tid bygde saman i grender, so tett at stogone stod klinte inn til einannan, so det var dør i dør. Likevel var folki oftast vener. Var ein etter ein vassholk um  vinteren, kom grannane ut og fylte vass-spanni sine. Når holken var tom, køyrde mannen etter ein ny holk åt seg sjølv. Neste gong var det turen åt ein annan til å gjera det same.

Dei to Magistad-gardane hadde ei sameige dei kalla Byksle. Denne våronna dei og skar saman. Dei delte avlingi på den måten at dei tok 'bandi på kvar si side av rjåstauren. Slått delte dei soleis at dei kjemba fôret frå einannan, so kvar tok si kjembe. Eller ogso tok kvar si sæte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.