Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Dugnad

Dugnad eller «duna» var ei form for nabohjelp, helst i eit knipetak. Naboane kom då saman og hjelpte til utan å vente betaling for arbeidet.

Det var vanleg å halde dugnad når ein skulle legge torvtak før i tida. Det var eit tungt og slitsamt arbeid som måtte gjeres fort unna og derfor krevde mykje folkehjelp. Når taket var lagt, kom husmora med tekkingsgraut til dei som hadde vore med, og han skulle helst vere av rømme. Ordet tekkingsgraut lever enno, men skikken er no gått av bruk.

Det er enno vanleg å gjere dugnadsarbeid i høyonna hos ein nabo som er sjuk, eller som av andre grunnar er kommen til atters med høya. Naboane møter då mannjamt fram ein kveld og gir ei handsrekning. Mannfolka slår, og kvinnfolka rakar og hesjar. Ein slik dugnad kan vare til langt på natt, og til slutt får dugnadsfolket rømmegraut eller annan god mat til takk for hjelpa.   
(Johan M. Johansen)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger vi ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *