Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Duken var lånt

Ei kone i Glåmos var med i eit kvinnelag saman med mange andre. Dei skulle ha ei tilstelling i forsamlingshuset og det skulle bli kaffe og mat å få.

Formannen i laget visste at kona hadde ein lang, kvit linduk som høvde sers godt til bruk ved tilstellinga.

Jau, kona skulle gjerne ta duken sin med.

Dagen kom, men same kor kona leita så fann ho ikkje duken i skoffa. Ho endevende alt. Ingen duk.

–    ”Du ha glømt di bort og lagt han ein anna stad,” sa mannen.
–    ”Å nei du, je har han på sin faste plass,” sa ho.

Ingen duk korkje i skoffa eller andre stader. Ho leita over alt. Det kunne henda at ho hadde lagt han ifrå seg ein annan stad. Ho ringde til formannen og sa at duken var borte.

Dagen etter skulle ho ned i skoffa etter ein kaffeduk, og der låg den lange linduken øverst i skoffa.

Nokon hadde lånt han.

– ”Men folk va det inte,” sa kona.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *