Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Else Lunde frå Nedre Dalen

Dum-Anne og ormen, og ei

historie om eit trebilete


Elsa Lunde, og det ho fortalde


So var det ei gamal ei her i Nedre Dale dei kalla Dum-Anne. Ho bodde i ei liti stoge synna Steinde. Dei kalla ho endå Meggestoga. Ho Anne skar mykje gras nedpå Lo. Der veit du det er so usturteleg med orm. Ein dag kom det ein orm i mot henne Anne. Då sa ho:

«Her kjeme strie prestkjeringe o vil eta i dylle mino! Men e drepe ho!» sa ho. — Ormar som var svært store, kalla ho Dum-Anne lankandband.

*     *     *

Det var so fint eit sumarver då eg gjekk den halve mili ned i Dalen, dagen etter. Alle hadde det annsamt ute med onni. Og gamle Elsa låg difor inne åleine. No hadde eg høyrt ein liten ymt um at det nede i dalen skulde ha vore ein avgud. Dette laut eg spyrja Elsa ut um.

Trebiletet


Jau, sa Elsa, umlag midt millom Høle og Skjøre er det ei høgd som heiter Leite. Her syner det ein vid steinsett ring, og midt i den ringen, på ein liten steinpall, skulde avguden ha stade. Han var tå tre og over ei aln lang med teskorne augo, munn og nase.

Ein gong hadde dei teke han heim te Høle, og der stod han lenge på eit eldhustak. Der såg eg han då eg var ei smågjente på ei åtte-ni år.

«Dette e avgud'n åt Hellissol» sa folk på skjemt.

Elles kalla dei tre-biletet Leite-Sjugurd. Dei brukte å seia te oss ungane når me var leide:

«E de kji snille no, kjeme ,han Leite-Sjugur o teke dikkan!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *