Internt referansenummer: 02.02.2022 – B
Kilde: «Slik var hverdagen»
Arbeidsfolk forteller frå husmannskår, anleggstid og kriseår.
Redigert av: Hallgrim Høydal, Kari Moen og Jostein Nerbøvik
Notodden historielag
NKS-Forlaget
Oslo 1988
ISBN 82-508-0499-6

Forteljar av denne historien er Sigurd Olsen

 

Eg æ fødd på ein liten plass som hette Hålon

Eg æ fødd på ein liten plass som hette Hålon onder Haugan i Omersdal. Dæ va ingen plass dær fyri far kåm dit, å han husa (satte opp hus) dær. Eg trur dæ va slik at dæ va gamle hus han sette upp, fe dei va gamle å dårlege.

Plassen fødde ei kjy å ein sau, meir va dæ ikkje fôr te. Far va frå Omersdal å hette Ole Sigurdsen. Foreldra honoms va døde, så eg minnes ikkje dei. Far va gift to vendur, fyste venda mæ ei som hette Hæge. Så blei han gift mæ mor. Ho hette Anne Olsdatter å kåm frå ein plass som hette Vasshus onder Hogstrud i Seljord. Foreldra te mor va døde, så eg veit ingenting om dei. Ho ha nokka mange syskjin, men dei tok ut. Dæ va lite mæ arbei, å somme tok ut like te Amerika, nokka te Bø å Skien.

Far ha mange syskjin. Dæ va Kitil på Smedal, Knut slo seg ned i Mandalen, to stykje fôr te Rauland — dei va snikkarar, Andres budde i Dyrlandsdalen, ei jente sku te Amerika, men kåm på feil båt, å far fekk brev frå ho da ho kåm te Australia.

«På feil båt»

 

Om forteljaren Sigurd Olsen

Sigurd Olsen heiter denne forteljaren. Han blei fødd i 1867 i Åmotsdal, ei bygd i Seljord kommune. Intervjuet er gjort i 1956 på Notodden, der Sigurd Olsen slo seg ned etter å ha vore innom ulike arbeidsplassar. Me høyrer om gjeting, onnearbeid, føring og Amerikaferder, «eksisen», åra på Skrivargarden i Sauland og hjå gammallensmannen på Mosebø. Til sist vart det arbeid på Salpeterfabrikken og i Misjonshuset.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *