Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Eg kom no på noko anna eg såg ein gong…

Det var ein surnar vi heldt oss innpå Stormoen å slå. So var eg gangande ditett ein dag med mat. I den tida var det ikkje bru ved Snelibakkann, so eg laut heilt i Teinlia for å koma over elva. No var eg seint ute; for vi hadde borna små i dei dagar, so det var mykje å kjåkast med. Eg attleta berre på dei bia på meg med maten. So kom eg drivande nedetter moen på andre sida. Her veit eg ikkje av før eg hadde eit kvinnfolk fyre. Ho trøska på og gjekk, ho som eg, og vistes å ha det travelt. Ho var i raud natt-trøye, og hadde krinåt stakk. Og so bar ho ein dall i handa. Endå eg ikkje visste å få kjenning på dette kvinnfolket, korkje i klean eller i ganglaget, so kom eg ikkje til å tenkja anna enn det var ei frå Evenesgård. Eg ropa no åt henne; men ho gjorde seg ikkje so mykje fyre ho vende på hovudet ein gong. Eg tok no til å få som ein mistanke; for ho måtte då svara, mennesket. Men eg klemde berre på og gjekk; det har vore mi lukke i alle dagar, eg aldri har funnest redd.

Men just der det tek til å bera innover, vart ho burte for meg, midt på slette marka (Saltdal).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *