Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland
nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

Til bruket høyrde berre ikring 15 mål dyrka mark, så me måtte slå mykje skogehøy til buskapen. Til myrslåttene – som låg lengst vekk – hadde me omlag ein times gangveg. Far hadde berre ei skogsløe, resten av høyet måtte derfor setjast i stakk. Eit høveleg tre blei hoggen til stakk-sneis, og denne kunne stå i fleire år og nyttast omatt. Når me slo, raka me høyet saman og la det i kjemmer ikring sneisa og trampa til med sneisehøy, og den som sette stokken vaks seg oppover til toppen. På slutten var det vanskeleg å kasta høyet opp til «stakk-mannen». Det blei då lagt på 2 river og heist opp. Til sist blei skore til ei torva og sett på til hatt, og når det var gjort, laut mannen fira seg ned med eit tog, og laut då passa på at han ikkje gjorde større skade. Stakken skulle vera på skap mest som eit egg, og høyet heldt seg fint her i mange månader og trassa både regn og storm. Utanpå stakken blei oftast lagt ei såkalla «jeite» før høyet blei køyrt heim på snøføre.

Slåttene måtte «anndras» eller «tridras», d.v.s. at ein slo dei annakvart eller tridjekvart år.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *