Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

Amerikafeberen.

I Åseral hadde dei sterk utferdstrong. Serleg til Amerika. Sume kom heim att — for å døy. Andre blei verande der. Men alle sleit hardt. Eg høyrde ei åsdølskvinne segja at ho ville heller fylgja sine til grava enn til Amerikabåten. Men mang ein far samla pengar for å hjelpa borna over til gull-landet. Dei skreiv det første, så minka det av, og ein dag var det slutt, inntil det kom bøn om pengar til å reisa heim.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *