Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

 

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

 

Då lillesøster døydde.

 

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Eit av dei første minne eg har som liten er etter ei lita søster som døydde i tvo års alderen. Eg var då 7 1/2 år og tykkjer ennå eg ser der ho sat på langbordet med føtene i vindauga og song:

«Hin time i Getsemane jeg alle «memme» kan.»

Minnest og ho bad om kol, noko me bom rekna for ein lekkerbisk den gongen. Gløymer heller aldri gravferdsdagen til ei onnor søster. Hestane stod spent for karjolane på tunet og grannen vår song. Songstemme hadde han ikkje, men han ville det så væl; han var ein barneven av dei få. Han kjøpte heim 1 øres kaker og sukker til borna som kom til han, og bad dei med til «bakeriet i Holtan», der me kunne fiska «laks» i «Holtesjøen». Alle smågjentene på garden kalla han for «Holtekonene» sine.

Mennene lyddest ofte inn til kvarandre, serleg dei lange vinterkveldane.. Då telefonen kom blei det brått onnorleis. Seinare kom radio og gjorde sitt.

Ofte hende det at gardsfolk lånte av kvarandre. Dei hjalp også med å klyppa håret.

Røda gjekk om prisar og nyhende, men lite om politikk.

Dei einaste eg ikkje lika var hestehandlarane, for når dei preika i veg om den hesten som var «sky» og den som var «skoglen», om den som hadde «mugg», var «sta» o.s.v., så greidde eg ikkje å lesa leksa.

Det var greidt når det kom kramkarar og me kunne få kjøpa knappar, tråd og anna slikt, og høyra skrømtesoger.

Store flokkar av fantar eller reisande kom rekande av og til med hundar og mange born. Og så var det å finna noko mat til dei, og sjå å bli dei kvitt. Nokon nestekjærleik hadde me ikkje til dei, for dei naska som regel med seg eit og anna. Onnorleis var det med «besta på Mjåland». Ho nista dei avstad, så det var mest ikkje mat att i huset. Men bestefar sa at det såg ut som dei fekk det att.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *