Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland
nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan
nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på
kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte
som dette:

Ei underleg likferd.

Far hadde tre søsken som døydde i ei smittsam syke, fortel Anna vidare. Folk
var – som sagt – den gongen livande redd smitte, så bestefar Søren laut
bera dei små i heimelaga kister – etter tur – frå Mjåland til Grindheim
kyrkjegard. Som skikken var då song han eit salmevers framom kvar gard. Og folk gråt og sa:

«Nå kjem Søren med eit av borna sine!»

Han hadde så god sangstemme, Søren. Nokre menn frå Mjåland og Håverstad
ville syna medkjensle og fylgde, men langt baketter. Og då bestefar
hadde kasta grava til, sat han og likfylgjet og åt nistematen langt frå
kvarandre før dei tok på heimvegen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *