Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland
nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

Ein bondeheim.

For nokre år sidan var Anna Haugland med i ei sogetevling. Det galdt å fortelje mest og best om farne tider. Det blei delt ut mange premiar og her fekk Anna andre-premie, og ei onnor kvinne i Bjelland nådde opp på tredje-plassen.

Når ein les alt som desse tvo har samla inn og skrive ned, blir ein imponert.

Anna refererer først dei gamle orda at «heimen er både vond og god, det skifter med sut og gaman». Men likevel er det slik, hevdar ho, at ein alttid ser fram mot noko nytt og betre.

Heimen hennar Haugland i Bjelland låg høgt og fritt med vakkert utsyn. Den tid dei bygde gamlehusa der, valde dei alttid slike utsiktstomter, for dei gav une og trivnad og vern mot ulv og bjørn når dei kom nattetider for å henta seg ei steik.

Slike høge tomter var gjerne utsett for blåst og rennefok, og ofte sto fleire hus samla liksom i ein krull.

Nøye skildrar Anna heimetunet og dei bratte bakkane ikring så ein tykkjer ein ser alt føre seg:

Framanfor husa låg ei fin slette, som slutta i ein bratt bakke mot sør. Den dyrka marka låg i «frambrotet» og ned til «Dybla», svinga så mot aust og blei då kalla «Storækrå». Eit lite fjell slutta av leiketunet vårt, og her blei me ofte åtvara, me små, at me måtte sjå oss føre, så me ikkje ramla utfor.

Bortanfor den dyrka marka rann ein bekk frå Bjønnejordskjønna, og her stod tvo kvernhus, som var mykje i bruk i min ungdom. Lenger nede låg ei badstove, og eit stykke ovanfor ei smia.

Nord og vest for setehusa var tri små slette fjell, det eine på baktunet, og mot nord til skogen låg sumarbeite. Eit steingjerde i vest laga byte med naboen.

Sætehuset var torvtek, grått og verslitt. Det bar litt høgt til vers framme, men bak nådde taket heilt ned på bakdøra. Frå framtrappa gjekk ei smal gang gjenom heile huset. Stova låg mot vest, og frå denne hadde ein eit storslege utsyn mot høge heier med furu- og lauvskog, og rotevegen kunne ein fylgja i mange svingar nord til Støylen, så augna me han ikkje lenger. Det var alltid mykje moro å sjå folk gå til kyrkje sundagane. Sumarstid høvde det at sume kom køyrande i karjol og vinters-tid i sluffe eller vanleg høyslede. Frå stova vår såg me òg bort til nabohuset der det budde så rik ein mann med mange dyr på båsen og 11 born inne.

Stova vår var 12 x 14 fot med tvo senger med karnisser og med eit skåp i millom. Sengene var veggfaste. Stova var laftebygt med store sprekker i stokkane. Der brukte mor å renna inn kokande vatn frå ein kjoletut om våren når det var storvask. På veggen over eine senga ei koppehylle. Så eit langbord med tvo veggfaste benkar. Den eine gjekk til veggen i omnskråa. Framanfor bordet forsete, med omnen lang-krakk, og på høgre sida av døra kubbestolen. Parafinlampa hang over bordet, og ei lang hylla under taket var spikra fast i bjelkane. Her stod mjølkekoller til surning inntil ein tok av fløten (rjomen) og samla i ambar.

Frå kjellarlemen i stova førde ei lita steintrapp ned til kjellaren. I stovegolvet tvo små luker, som ein kunne taka upp med kniv, og her slepte ein ned potetene etter innhaustinga.

Kjellaren var kolmørk med tri bingerom.

Bak stova låg kjøkkenet, og skulle ein dit frå stova laut ein ut i gangen. Elles kunne ein koma til kjøkkenet gjenom bakdøra. I kjøkkenet var skorstein med eit lite rom ved sida, m.a. til baksteved, når flatbrødbakinga stod på om hausten.

Denne flatbrødbakinga var ei morosam tid for oss borna. Heime leigde me bakstekone, men ellers måtte me jamnast hjelpa oss sjølv. Og røda gjekk livleg medan alle stræva for å få flest mogeleg brødleivar, opptil 100 om dagen rekna ein for godt. For borna var arbeidet «å skula» (skrella) dei varme potetene og mala dei på ei trekvern. Ei vaksen gjente skulle knøa og steika leivane på hella. Bakstekona hadde nok med å baka.

Det var vanleg å eta mykje flatbrød, men det var òg stomp i huset. Stompen blei steikt mellom tvo flatbrødheller. Det blei fyrt over og under. Ein ring var lagt millom hellene med ein opning framme.

I kjøkkenet stod òg ein barekrakk og eit par andre krakkar. På veggen hang ei lita lampe, ein «flatbrennar». Over låg 4-5 lause bord, men ellers kunne ein sjå rett i taket. Panelen nådde berre ein mannshøgd frå golvet; ovafor fanst berre svarte, røyka stokkar. Mot vest eit vindauga. Frå ein tverrstokk hang skora ned i skorsteinen der det fanst både brandjarn, gryter, kjele o. a.

Kammerset
Kammerset låg over gangen frå stova, og her var både seng, omn, eit lite vengebord og eit par stolar. Vindauga låg imot sør. Jamnast nytta ein kammerset til soverom, men «ei hente gong» fekk ein seg mat der.

Buret
Buret låg bak kammerset, og i dette var eit brødskap, ein stor mjølbinge med mange rom til korn og mjøl. Kjøt og flesk låg nedsalta i buret.

Vedskjolet

Vedskjolet var bak buret. Det hadde jordgolv. Frå ganga gjekk trapp opp til loftet, eit stort rom over stova med fleire senger. Her såg ein rett i taket. Ofte hende det at det laut liggja tri i ei seng, for barneflokken var stor.

Over kammerset fanst eit rom som blei kalla «Dybleloftet». Dette var ikkje utsnikra, men likevel så at det gjekk å sova der om sumaren.

«Eg minnest aldri at me borna leid naud på nokor vis. Stova var nok utett, men når me sat i ein krull ikring omnen, greidde me oss, sjøl om det var vindkaldt. Med klæde var det kanskje i minste laget, men av mat hadde me nok, endå det kunne bli veker me gjekk utan middagsmat. Me laut då greide oss med graut eller soll.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *