Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland
nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

Ein «godvisen mann».

Heldigvis, seier Anna, var det mange rikfolk som hjalp fattigfolk. Ein av dei var Ola underoffiser på Foss. Han var det ein kallar ein «godvisen mann», og noko original på same tid. Folk som hadde fare langt og blitt trøytt og svolten og kom til han, skulle alltid ha mat. Men som skikken var den gongen orsaka dei seg svært, at dei skulle då ikkje ha bry og kostnad på del o.s.v. Ola lest aldri høyra dette gamle preiket som ingen meinte noko med, og ein dag det kom ein farande kar som orsaka seg over alle grenser, at det var slett ikkje «nødvendig» med mat, sa Ola: «Nei vel. Er du ikkje svolten, så kan me bare la det vera.» Men dette var nok siste gong mannen orsaka seg slik.

Denne «unnseligheta» som har lege i folk fram til våre dagar, meiner Anna Haugland skriv seg frå naudsår og fattigdom, frå dei tider då folk ikkje turde eta seg mette. Det er fleire ordleggingar:

«Du lyt eta noko meir».
«Du lyt fylla på.»

Det var ikkje berre fattigfolk som var plåga av denne «unnseligheta», men også folk som sat godt i det økonomisk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *