Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland
nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

«Eit «dottefjos».

I nærleiken av kjøkkenet låg eit do og ein stall med rom til 2 hestar. Nokre meter derifrå eit laftebygd «dottefjøs» med høgt gras på taket sumarstid og eit hol på midten. Vindaugo fanst ikkje, men det kom då litt ljos inn når dotten blei lagt til side. Dotten var av halm og hang fast i ein staur. Om kvelden måtte me bruka lykt når me stulla. I lykta hadde me eit stearinlys og sjåskinn på kantane. I fjoset vatnpumpe, men så tung å trekka at me ofte bar vatn frå ei kjelda nede i bakken. På eine sida i floren stod 3 eller 4 kyr og nokre sauer og geiter på andre sida i eit stille. Tvo-tri høns rådde ellers heile floren. Geitene hadde me ute ein tur kvar dag, også om vetren. Dei tok seg fram i snøen og trødde i fotefara til kvarandre opp mot skogen. Far køyrde også heim på tunet furegreiner og einer til dei.

I uthuset var òg ei nokså stor løda med låve til.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *