Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland
nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

For presten.

Så kom sumaren eg gjekk for presten. I alt var me 30 lesarbom, men 2 måtte gå om att eitt år. Eg minnest korleis ein av desse gråt då han høyrde dette.

Det var 1 1/2 mil å trippa frå Mjåland til kyrkjebygda, så me som var sørfrå laut bli der om natta. Me gjekk i tunge heimeverka sko og strømper. Av og til barbeint. I losihuset fekk me gjerne varme poteter og sur mjølk til kvelds, og det smaka så godt, for brødskivene med smør og knøost på, kunne ofte vera harde og oppturka.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *