Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland
nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

Gamle Jakob i Urdalen.

Min bestef ar, gamle Jakob i Urdalen, var på kyrkjeveg ein joledagsmorgon. Soneson hans, Lisle-Jakob, var med han. Komen eit stykke på veg gjekk dei inn i eit hus der mannen tok fela frå veggen og spela ein slått. Gamle Jakob hadde rytmen i kroppen og svinga seg i dansen frampå golvet. Men så tok tregen han.

«Det er så syndleg med meg, eg kan ikkje la vera å dansa når dei spelar», sa han og jamre seg for si synd — endå det bare var for ein smågut.

Ein gong hadde gamle Jakob laga tresko til sonesonen. Dei var ekstra store så dei skulle vara lenge. Men lisle Jakob tykte det var slitsamt å springa omkring med så svære og tunge tresko på føtene, og tok likså godt ei øks og hogg av dei litt. Men då fekk han ris.

Når Jakob kom på vitjing til Haugland hadde han alttid med seg ein pose kandis (brunt sukker) og gav mora Anna, som knatta sukkeret sund med ein hamar og saug på det om natta.

Siste gong han gjesta Haugland var i 1909. Han tok då skogsvegen til Urdal, han og ein annan slektning, og stogga på «Styggastø», der han hadde passa og «stagga» buskapen så mang ei middagskvild i barneåra. Her skar han seg ein stav som skulle vera taktstokk når han leida sangkoret sitt i Flekkefjord, der han var organist.

Våren etter døydde han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *