Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

I gjæslebakken

Anna fortel så om hjuringslivet:

Det var ingen som hadde buskogen inngjerda i min barndom. Eg gjætte alle dei fem sumrane me var på Mjåland.

Ein regnværsdag i hjuringskogen blei eg våt og fraos. I bandtreskoen hadde eg fått ein snile, så treskoen var blitt glatt inni. Eg sprang, datt og gråt. Dette var nær heimen og buskapen ville heimover. Så kom ein mann til meg i Seljarheia. Han mol på kverna den dagen og sa eg kunne bare reisa heim, han skulle gjæta, og så glad minnest eg snaudt eg har vore som då!

I Aseral låg mange huslydar på heida sumars tid. På Mjåland varde heideslåtten ei vekes tid. Her var store beitevidder med slåtter innimellom. Eg måtte passe buskapen. I stølsbua var eit stort rom med eldstad og ljore, og med tvo breide sengjer og benk framanfor. Ei lita mjølkebu høyrde og til. Om kvelden blei kyrne bundne utpå vollen og ein annan stad var ei innhegning til småkrøteret. Stølsbua vår heitte «Ramsestean». Her treivs me godt. Eit beite heitte «Ljoshei», og her låg lange sletter kvitskura fjell, og her greidde eg å slita ut eit par tresko. Me gjætte i hop fleire, men det hadde me ikkjc lov til. Når kyrne slost og stangast stod me med livet i nevane. Ein gong gjekk det gale, ei kviga braut foten og ein måtte springa heim og fortelja det. Om veret hadde me eit ordtak: «Ikkje regnver og ikkje skeinver, men skya og godt ver.» I regnver hadde me lite å hjelpa oss med. Eg hadde som jamnast ein sekk over aksla med ein spikar som heldt den fast. Og så sat me der lynga var høgast, for der var liksom ei livd. Sat der og hakka tenner! Men når sola skein og brende og kyrne «skeina», blei det fart i oss, for då var det uvisst kor me fann dei att.

Hjuringsdagen var usegjeleg lang. Men det blei betro med åra då eg kunne taka til å strikka og lesa. Me brukte alltid å «stagga» midt på dagen. Dette visste kyrne, for dei la seg då ned og kvilde.

På ein av stean skrymta det den tid mor gjætte der. Ho såg ei kona som gjekk og plukka stein i forklæde. Også andre hadde set noko liknande, men me var der berre på ljose dagen og såg ingen ting slikt. Men redsla låg i oss.

Av sumt me las, serleg indianarforteljingar som ” Den siste mohikaner” og ”Bloddrypperen” gav også fantasien rom, åleine i skogen. Elles fann me på så mykje, t. d. laga me kyrkjegard og planta på gravene.

Regelen var femtan veker i skogen kvar sumar, og det blei lange veker! Eg minnest eg sette strek på sumarfjøset kvar kveld.

Vår og haust gjætte me heime i jordet. Då hadde me mykje moro, og då samlast me store flokkar av born. Av og til drog me saman kvistar av einar og sette fyr, og då var det sport å sjå kven som kunne stå lengst i den tjukke røyken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *