Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

Minne frå heiegarden Eivindstad.

I eit av dei tvo husa på Eivindstad budde før ein eldre mann med tvo av døttrene sine. Den eine dottera var sjukleg, men den andre god for dei begge. Ho greidde både gardsarbeid og skogsarbeid, og det er fortald at ho leidde gjødkalvar frå Eivindstad til Kristiansand og selde, ein tur på ikring 5 mil. Når veret var som verst, klædde ho seg i farens klæde, endå så vågalt det var. For dei gamle sa:

«Når kar og kvinne går eins klædd, så lid det mot domedag.»

Einsemda på Eivindstad leita på mor, så far bytte gard og kom til Haugland. Her tok han til å handla hestar, fór til Stavanger marknad og kjøpte ungdyr eller Iitt utkøyrde gampar, og tok så austover og selde etter han hadde stelt dei godt. Sjølv klædde han seg pept og fór redeleg fram, for dette hadde mykje å segja for salet, sa han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *