Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland
nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

Og så var det skurdonna.

Når haustonna var fråseggjort, tok me til med skurdonna. Alle brukte sigd og bant kornstråa saman i band med bendel. Aks som fall av laut borna plukka i haugar og bera heim. Kornbanda blei sett i skru eller festa opp på staur. Det skulle vera 13 band på ein staur , ein såkalla treve, og 20 trevar i kvar teig. Berre dei aller beste skurdkonene greidde ein teig på dagen. Det blei rekna for lettare å skjera havre enn bygg, og det gjekk seinare dersom det var mykje legder.

Lauvinga laut ein taka når det blei tid til det, enten føre eller etter kornskurden. Ein samla helst ospelauv som ein braut i høvelege kvistar og bant saman i kjerver med ei tunn bjørkevidja. Ein kjerv blei rekna for eit lite måltid for el ku eller ein saueflokk på 4 – 5 dyr. Kyrne åt også kvistane dersom dei ikkje var altfor tjukke.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *