Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland
nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

Ola underoffiser og salmeboka.

Ola underoffiser budde «Der heima» på Foss og var så viss til å lesa eit salmevers kvar morgon. Boka var så «vant» med dette at ho fall opp mest som av seg sjølv straks Ola fekk ho på bordet. Der samleverset stod var det blitt eit stort, svart merke etter tomen, og Rakel, dotter hans, sa til meg at det var ikkje svært lenge millom kvar gong det måtte kjøpast ny salmebok. Verset lydde slik på dansk:

Du evig Gud ske ære –
som i det høie bor,
som vekter vilde være
for oss paa denne jord.
Nu viger natten sorte,
og dagen stunder til.
Lad dette blive borte
som oss bedrøve vil.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *