Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

 

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

På legd.

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Eg minnest tvo som gjekk på legd då me budde på Mjåland. Den eine var ei gamal enka som dei køyrde frå hus til hus. Då ho var død gav grannane litt kvar og laga eit lite gravferdslag. Den andre var ein som kalla seg «Splint», og var litt lam og halt og hadde ein holtresko, mest som ei grisetron, for «balansen», sa han. Ogso mot han var folk snille, men borna var helst redd han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *