Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

Redsla for smitte.

Det året eg gjekk og las (1902) døydde det 11 menneske i Kyrkjebygda i blodgangssyka. I eit hus var tvo huslydar. I den eine stova døydde mannen og fire born, alle omlag vaksne. I andre stova budde ei enkja som fekk vitjing av ei dotter frå Amerika med tri born, og alle desse borna døydde.

Så hende det at ei eldre gjenta blei sjuk, men ingen torde gjeva ho husrom før ein mann i ein barnerik familie våga seg til det. Og det merkelege hende at ingen i hans hus blei sjuke.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *