Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland
nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan
nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på
kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte
som dette:

«Skinnbleie Per.»

Min bestefar kjøpte tvo gardar: Først Eivindstad og så «Leite» på
Roland. Her var det ein dei kalla «Skinnbleie Per» som kunne den
kunsten å laga skinnbleier. Han smurte eitkvart på skinna for å få dei
mjuke, hengde del så over ein stol og brukte ein spade på dei. Det
kalla ein å bråka.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *