Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland
nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

Skuletida.

Eg minnest godt den første skuledagen min. Skulehuset låg berre fem minutts veg frå heimen, så eg gjekk dit åleine. Læraren var ein ung, pen mann, men han var sjuk og døydde av tæring, så me fekk ny lærar, ein nybakt seminarist, stille, streng og flink. Me som budde på Haugland hadde kort skule-veg, men borna frå Roland og Tønnesland laut traska ein fjerding eller bortimot ei halv mil før skulehuset blei flytt. Dei leid mykje vondt. Då me flytte til Mjåland i Aseral, blei min skuleveg lang, og vegen blei ikkje brøytt. Skiden blei balden i ei stor stova på Amland og her sat me skuleborna rundt eit langbord og skreiv på tavla. Me hadde mykje moro og lærde vel litt. Ein av lærarane mine var god i «groven», og litt av ein songar. I geografitimane stod me alle borna på golvet framføre kartet. Læraren kunne då segja namnet på ei elv, ein fjord eller anna, og så var det ei kapping om å finna desse på kartet. Av og til trødde han i golvet med holtreskoen når nokon var uroleg. Til eksamen møtte presten og mange bygdefolk, så det var litt av ein høgtidsdag. I mi skuletid gjekk borna på tresko og sat ofte dyvåte frå klokka 9 til klokka 4. Sjølv måtte me taka kvar sin tørn og elda oppi omnen i skulestova. I heile skuletida hadde ingen av oss ytreklæde. Heller ikkje til konfirmasjonen fekk eg kåpe eller jakke.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *