Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

Slo fela i framtrappa

Mi besta likte ikkje fele og felespel, så brørne mine laut gøyma fela i uthusa og spela i fjøset. I brudlaupet hennar kom spelemannen i brodden for fylgjet, og mor til brudgommen stod på trappa og ønska velkomen. Men der seig ho saman og spelemannen slo fela i steintrappa. Truleg er det dette som låg besta i minne, og skræmde.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *