Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland
nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

Små trekk frå dagleglivet.

Konfirmasjonsdagen køyrde me til Kyrkjebygda i karjol. Gjentene gjekk i svarte fotside kjoler og var stive og høgtidsame. Kvar fekk me ein Bibel av kyrkjelyden som gåve, og eg trur nok fleire av oss tok det høgtidelege løfte den dagen alvårleg.

Tvo tri gjenter hadde hatt, men dei fleste bar turklæ på hovudet. Eg har mitt ennå. Ein av gutane skilde seg ut i flokken med lysegrå dress. Han tyktes vera svært kry av dressen, for han såg skiftesvis på seg sjølv og på folk som sat ikring.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *