Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

Søndagsteksta.

Min far las jamt teksta om søndagen, endå han høyrde ikkje til kristenflokken før i sine siste leveår. Som barn ville nokre kameratar hava han med ut og skeisa ein søndags formiddag. «Nei», sa han nedtrykt, «far skal lesa teksta i dag, og den er på 11 blad.»

Far las aldri lange tekster. Om julaftan og joledag song han salmar. Det var så høgtidsamt. Gåver fekk me ikkje i jola. Festar var det ikkje. Men jolegjestebod.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *