Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

Storvekkinga i Åseral.

Dei åra me budde i Åseral gjekk det ei uvanleg stor vekking over bygda. Drykk og ulivnad hadde teke overhand. Dei gamle kristne i bygda var i bøn, og så kom ein ung mann frå Kvinesdal. Han var ingen stortalar, men unge og gamle blei rivne med. Det blei baktaling og bladskriving – og sjølvaste Vilhelm Krag kom ditopp for å «studere galskapen». Han skreiv også lange epistlar og gav både ris og ros. Men ferda hans blei kortare enn tenkt. Han fekk seg skyss i ein fart og sa:

«Her må en komme seg vekk, for ellers kan en selv bli med.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *