Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Eg minnest, eg minnest.

I brev og samtaler med Anna Haugland
nemner ho så ofte: Eg minnest, eg minnest. Og er det nokon som kan nytta desse ord med sanning, så er det henne. Svært ofte kjem ho inn på kor hardt mange måtte strida mot naud og fattigodm, og teiknar bilæte som dette:

Treskinga.

Straks kornet var turt og ein skulle la, galdt det å få ladt det musefritt dersom det skulle liggja i løda ei tid før treskinga. Me måtte alltid treska i regnver og når det var flaum i bekken der tyngdehjulet låg, det som dreiv treskeverket på låven. Nokre gamle rotne liner regulerte farten, og eg minnest kor glad me borna var når desse rauk, for då blei det ein pust i bakken. Alle som fanst i huset var med i treskinga, og alt gjekk med liv – om ikkje med lyst. Far la sjølv i treske-maskinen, ein løyste opp kornbanda, ein annan gav dei til far, ein av dei største rista halmen rein for korn og stappa i løda der ein eller tvo småkroppar sleit for livet med å dra vekk og tråkka ned.

Om kvelden såg me ut som «piggsvin», dersom me hadde treska bygg, for snerpa sat godt fast i klæda. Men også det ordna seg. Og så var det å stella opp på låven og få alt der på den rette plassen. Det tunge kornet skulle skiljast frå det lette. Støvet skulle reinskast ut, snerpen og agna likeeins. Først tok far av til såkorn, som fekk eit rom for seg. Så tok han av ei halv tønne til malt, dersom det var nok å taka av. Det blei delt i tvo sekker, og så byrja ei lang reis med dette før brygginga tok til før jol. Det heitte at kornet skulle liggja 3 dagar i bekken, 3 dagar i sekken og 3 dagar på tile. Først bløytast 3 dagar i bekken, så varmast i sekken i 3 dagar i stova og så 3 dagar leggjast på loftsgolvet til groing. Her laut ein passa på at kornet ikkje delte seg, d.v.s. at det ikkje kom røter som på ein åker. Frå loftsgolvet bar det til badstova med maltet, og her blei det fyra opp og kornet spreidd på ein såkalla benk. Også her blei kornet i 3 dagar før det blei grøypt på kverna. Då venta ein på «lefsetøyren» — mildver, helst regn, så det kom vatn i bekken, for det skulle,òg malast på kverna så det blei mjøl til lefser o. a.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *