Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Eg var i skola det siste året Daae var prest her…

 

Eg var i skola det siste året Daae var prest her. So ein dag vi var inne til overhøyring, tok det til å bli so ufredsamt i kyrkja. Det var å høyra til som noko for rullande runder i ring etter tilet. Vi vart no sitjande der sterr og lya; og presten på sin måte i millom oss. Eg synest eg ser han, han vistes so kvagg i ausyna. Men so veit vi ikkje ordet av før han svingar seg rundt og stryk uppetter tilet, og upp til altaren. Der vart han no ei bra økt. For so vandrande heilt ned til inngangs¬døra. Og i det same han stoppa upp, vart det eit brak ned¬med døra so det berre skrall veggene. Med det vart det tyst, og presten kom baker. Men innan han tok til att å spyrja, vende han seg mot oss og sa: «I barn, I må være stille» (Gildeskål).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *