Av fiskeriassistent Olav Jønnum
Hentet fra Årbok for 1970, 48.årgang
Nord-Trøndelag Historielag
Redaktør: Gudmund Leren
Steinkjer Trykkeri A.S 1971

Ei bjørnejakt på nordfjellet i Beitstad

Dette hendte på Dalsetra, ein seter som ligg på søre sida av Gilten.

En mann frå fjellbygda Kvam drog opp på nordfjellet for å sjå etter bjørnen. Dette var om våren. Bjørnen bruka da ofte og vera på setertømta for å eta av det graset som da nela opp. Mannen kom da til Dalsetra, og vart var ein bjørn som gjekk og åt. Han lura seg på passende skothold og brende laus. Mannen, som ikkje var nok osers dristig av seg, tok hiven og sprang heim utan å sjå kor det gjekk med bjørnen, da låg bjørnen stein dau der. Dei tok og grov han ned i gjødseldungen på setra.

Så er det fortald at ein åtte dagars tid etter dette kom ein same forbi der, han hadde gravd opp bjørnen og tatt eit lår av han, kva han gjorde med dette vites ikkje.

Dette er siste bjørnen som visstnok er skoten på nordfjellet i Dalbygda.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *