Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Ei dugande jente

På ein gard i Soknedal hadde dei to tenestjenter året rundt. Dei var med i alt arbeid på garden, raka i markaslåtten og på heimejorda og skar åker. Attåt kontantløna skulle jentene ha for åt kvar sin sau.

Slåttekarane sa om eine jenta at ho var så lat at ho ikkje orka bera riva si. Ho drog alltid riva etter seg.

Sjøl mannen sa ingen ting. Jenta drog riva i enga og riva vart full av fint høy. Høyet la ho borti rekene, i rukane, i muone og i lassa. Karane såg også korleis ho tok vare på alle stråa. Og så gjorde dei narr av det.

Huff, nei det der kjem rett te å bi ei pina kjerring. Sjøl mannen sa ikkje noko no heller.

Slåttonna var ferdig og høyet i hus. Mannen gjorde opp med folka sine. Jentene fekk også løna si. Til henne som karane lo åt og sa ho var både lat og pina, sa han:

–    ”Du skal ha to sauer i vinter fordi du drog riva så trudt i sommar. Du har sjøl skaffa foret.”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *