Kilde

Årbok for 1977, side 132
Nord-Trøndelag Historielag
Av Jon M. Lund
Redaksjon:Olav Skjevik og Jarle Skjei

Ei finnesegn frå Sparbu

Den gamle sørsamiske busetnad i Sparbu har ikkje sett etter seg mange merker, korkje i namn eller bustader. Ein får vel seia at det er heller lite det som er at av slike ting.

I årboka for 1929, har Kristian Nissen skrivi to artiklar med tittelen: «De eldste historiske vidnesbyrd om lapper i Nord-Trøndelag».

I årboka for 1966, har Nils Hallan skrivi: «Dei første meldingane om samar i Nord-Trøndelag», og John Røflo har i same årbok ein artikkel om: «Gand og finnesegner i tro og tradisjon». Godt er det i alle høve at nokon har samla historie frå gamle dokument og i frå bygdom, der enno gamle historier har levd til no, og likeeins namn. Ja namn, som for ikkje mange år attende var i daglegtalen, er no for det meste borte. Den yngre generasjon veit mest ikkje at det finst slike namn. Og her er det vel ikkje berre namn frå den sør-samiske kultur som blir borte, nei, dei kjem bort meir og meir dei gamle namna.

Men lat oss halda oss til namn og hendingar frå gamal sørsamisk busetnad. Eg tenkjer da serleg på namn som: Malidalsvatnet, Mali-dalen, Brølåppa og Brurasløret, det er namn som ikkje synes å ha noko med samisk å gjera, men som likevel har det.

Desse stadene er på Båbu statsskog i det gamle Sparbu, Brølåppa og Brurasløret ligg i grenseområdet mot Leksdal statsskog i Verdal. Malidalsvatnet ligg på eit lite platå, Svartvassvola, litt nord-aust for toppen av Høgmannen. På kart som har vori til no står det Sandtjern, og dette namnet fekk det sist på 1800-talet. Det var ein mann frå Steinkjer som heitte Sand og han bruka sitja og «trøfesk» i Mali dalsvatnet, soleis vart det kalt tjønna hans Sand. Og soleis vart det da ein namnekonsulent frå Topografisk selskap under fyrste revision av rektangelkartet i 1880-åra, hadde med seg ein som skulde vera lokalkjent, men som ikkje hadde meire lokalkjennskap enn at han like godt døypte om Malidalsvatnet til Sandtjønn. Men no er det rette namnet kome igjen.

Historia om Mali er gamal, frå 1760-65, og det var ho gamle «Finngunnill» som har fortalt ho og det var før hundreårsskiftet. Gunnill var frå Strådalen i Vera. Og derfrå var det Mali og var, ho var samegjente, om ho var frå den norske eller svenske sia, veit ein ikkje. Men historia om Mali, som «Finngunnill» hadde fortalt om, var denne: Det var eit samelæger utpå Henningfjellet, og Mali vart gift med ein samegut der ifrå. Brudlaupet var i dette samelægret, og det var på vårparten.

Dette brudlaupet vart vel halde etter gamle samiske tradisjonar. Historia fortel at utpå natta vart det usemje og brot millom brura og brudgommen. Kva som var grunnen il det, veit ein ikkje, om det var brennevinet som «svei» i noko gammelt sår, eller det var noko reint tilfeldig som kom på, lyt vera usagt. I alle høve vart det brot millom dei, og dette brotet endte med tragedie.

Mali reiste frå bryllupsfesten i lægret og utpå fjellet, der ho tok sitt eige liv. Om dette var i dalen eller i vatnet ho gjorde det, veit vi heller ikkje. Det kan ikkje vera nokon annan stad dette har hendt på Henningfjellet. Det er ingen ting i landskapet som gjer namnet «Brurasløret» rimeleg. Det kan og vera at det er Mali som har kasta frå seg sløret då ho drog ut frå lægret, og at dette har vorte funne i området som no kallast «Brurasløret». Dette er vel heller ikkje so unaturleg. «Brollåppa» er vel klårt, brudlaupet var jo i samelægret.

Men kvar vart det av Mali sine «jordiske levningar»? Det har ikkje vore mogleg å finna kvar ho vart gravlagt. På Henning kyrkjegard skal det vera ei grav der bare halve grava er inne på kyrkjegarden, og det skal vera ei samekone som hadde «gjort» det med seg, og då skulle det vera halv grav som det heitte. Om denne grava er Malis, er vel ikkje visst. Ho finst i kvart fall ikkje i bøkene. Det er vel heller ikkje visst om ho stod i Den norske statskyrkja, slik at ho ikkje er innskrive nokon stad. Det var ikkje so nøye med slike ting i den tia.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *