Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Ei gammal legdskjerring som heitte Lussi…

Vi hadde ei tida ei gammal legdskjerring som heitte Lussi. Den hausten ho døydde, vart eg ute for noko underleg. Vi heldt oss inni Grønlidalen og slo, eg og han avdøde mannen min. Vi budde i ei lita kåte som hadde vore til sæterhus. Ja, so ein kveld vi var lagd, eg låg i ein halvor, just ferdig å dra over, då vektest eg upp av noko som la i å ropa meg på namn. «Olina !» sa det to gonger etter ein annan, og det so greidt og tydeleg. Eg tenkte på ho Lussi med det same; for ho var jussom noko kleinpjuskåt dentid vi reiste heimanav. Og fyrst det var gangljost, la vi i veg heimover. Vi kom dit før folk var uppe. Men eg strauk med eitt på loftet der ho Lussi hadde sengstaden sin. Og då fann eg henne liggjande død i senga (Saltdal).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *