Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om den gongen eg snakka med Guri Grøv

Ei heilag Olavs segn

Hjå gamle Guri Grøv (f. 24. oktober 1843)


Då heilag Olav for gjenom Valdres på kristningsferd, kom han over Fillefjell og ned gjenom Øvre Dalen. Men då han kom på Lundissvae i Nedre Dale, stana han. No sende han folket sitt rundt heile bygdi og fekk tak i alle dei båtar han kunde.

Og so rodde han strake Mjøse frå Lundissvae til Leinevangen på Vennis.

*     *     *

Men no er gamle Guri svolten og trøytt. Ho vil ikkje fortelja meir. Men før eg går, skal eg ha skjenk av ei flaske med eit fint firmamerke på. Ho har fått ho av sonen sin, let ho, for magesvide og bringeverk, so det er nok gode saker. Eg lyt takke og seia som sant er, at slikt har eg ikkje smakt. Men «ner de e bøe, e de gøve»! Med det gjev ho seg og byd meg velkomen att.

Det gjekk meir enn året før eg kom te Grøv att. Og då hadde ho Guri tapt mykje på hugset. Men ein og annan glytt inn i gamletidi gav ho då:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *