Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Ei lesthonk skrangla

Bastu har også vore kjent som det huset på garden der ein kunne få vita løynde ting. Det er fortald at ei ung jente i Staverløkkja i Soknedal la seg i bastu ei Jonsokknatt. Ho ville vita kven ho skulle bli gift med, men ho såg ingen kar. Ut på natta fekk ho høra at det skramla og let tørt som i ei lesthonk. Kva det var eller ikkje var – jenta vart no gift med ein skomakar.

Beste tida

Beste tida for å få slike svar var i midtnattstimen julkvelden, nyårsdagskvelden og 13. dagskvelden.

Tre skåler

Jentene bruka å setja fram tre skåler på bordet der dei sat og venta. I den eine var det Øl i den andre vatn og i den tredje brennevin.

Ville han koma til å smaka på nokon av skålene?

Det var midnattstimen som ville bringa svaret.

Drakk han av vass-skåla ville det bli ein fråhaldsmann, drakk han av ølskåla ville det bli måtehaldsmann, men drakk han av brennevinsskåla ville det bli ein drikkar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *