Kilde:
Årbok for 1950
2. årgang
Verdal Historielag
Redaktør: Arkitekt Oddmund Suul

Ei lita soge om presten Brandt

Av arkivassistent Andreas Myrmo.

Peter Johan Brandt var sokneprest i Verdalen frå 6/12 1799 til 30/4 1836.

Sokneprest Peder Johan Brandt, 36 år gamal

Brandt var nok ein myndig herre som av og til kom i strid med sine soknebarn. En gang kom Brandt i strid med ein av mennene i Aksnesgrenda. Brandt hadde nekta denne mannen å gå til alters, og det fann han seg sjølvsagt ikkje utan vidare i, for i gamle dagar sette de denne retten høyt. Arsaka til striden var vel at presten tykte han fikk i snauaste laget med prestetiend frå desse gardane. For å få ei ordning på denne saka gikk mannen ein dag til prestegarden for å tala med presten, men Brandt var vrang og gav både denne karen og grannane hans det glatte lag, og skal, etter det folk har fortald, ha kome med fylgjande lekse:

–    ”Det er Tuset og Aksnes, søndre og nordre, øvre og nedre, og Høgen og det rateriet. Jeg har ikke fått noe i fra Dere. Den ene fanten kommer og den annen drar, jeg vet hverken hvor de kommer fra, eller hvor de drager hen.”

 Det vart seinare rettssak av denne striden, og presten måtte gi tapt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *