Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese Nils Olson Vindingstad

Ei meir enn merkeleg jaktferd

(Nils Olson Vindingstad kan gamalt)

I gamle dagar var det sume sermerkte gubbar her i Øystre Slidre, som var so glupe til å laga morosogor på ståande fot. Dei var eit slag folkediktarar, som var til mykje hugnad. Skrønemakarar kallar folk dei no.

Han Knut i Køllstadbakko eller Knut svarvaren var ein slik morogauk. Her er ei av rispone hans:

Ein dag ut på våren skulde eg på åsen og slå sund møki på stølsjordet mitt. No hadde eg alltid med børsa når eg skulde til fjells. Det kunde snart verta noko å skyte. Då eg korn på Flænadn, austmed Mellsennvatne, fekk eg sjå ein flokk rjupor på ein rabb. Her skal du få sjå det blir noko veide, tenkte eg, og skunda meg la. Men i snøggvenda gløymde eg ta or ladteinen or børsepipa, for det var berre munnladningsbørsor den gongen. So klemde eg laust på rjupeflokken. No synte det seg at hastverk ikkje alltid er lastverk. Då eg kom dit rjupone hadde sete, fekk eg eit syn, du! Trur du me på det: Tolv rjupor låg inn på ladteinen! No hekk dei i rekkje og rad.

Eg gjorde meg ikkje meir føre, enn eg tok ladteinen med rjupone på og la over oksli og rusla byrg vidare.

Då eg kom litt lenger aust, møtte eg ein diger gråbein. Han hadde vel kjent steggen tå rjupone, er von. No kom han mot meg med gapande kjeft. Du såg langt ned i svelget hans. Eg gjorde meg ikkje meir umak med trollet, eg, anna eg rende hogre armen eldande snøgt gjennom gråbeingapet so langt eg kunde, hogg tak og rykte til! Og trur du meg på det: Eg vrengde heile gråbeinen! Og med det slepte eg han. So rakla eg på stølen, slo sund møklortane og heim.

Sidan ein gong eg skulde på stølen att, møtte eg same gråbeinen. Då hadde han fått hår på vranga, ja det hadde han!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *