Kilde
AGDER I SEGN OG SOGE VI
Av Magnus Breilid

Ei ordliste for bygda.

Det er søndleg at folk på bygdene gløymer så bort det gamle bygdemålet, segjer Anna
ein dag ho gjester oss i heimen og flir oss ei notisbok der ho hadde notert ei heil rekke gamle ord som hennar forfedre brukte, men som nå er borte i vanleg tale. Me blar litt i notisboka, som var som ei ordliste med grei tolking av kvart ord,og så fortel ho at det var son hennar Søren, læraren, som først tok til med ordsamlinga, men då han var borte var åg ordsamlinga borte, så ho måtte sjølv taka fatt att. Nå veit me at landskjende målgranskarar har fare gjenom bygda, og ein dag stod sjølvaste Ivar Åsen med hatten og staven i handa og banka på kjøkendøra i Bjelland
prestegard for å helse på venen sin, målgranskaren og presten Belsheim. Men me tykkjer det er lite dei og andre har samla av serord i målbygda Bjelland, så dei ville nok ha set opp om dei hadde fått Annas notisbok i handa.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *