Internt referansenummer: 04.10.2009 – A
Kilde:
Folkeminne frå Sunnmøre II
Jørgen Gjerding
Ålesund 1932
I kommisjon hjå Alb. Gjørtz Bokhandel
Klikk her for å lese en ”innledning” til boken.

Ei serslekt av haugfolket er bokkane

Ei serslekt av haugfolket er bokkane. Mange av dei er buande ved sjøkanten, for det skal vere av sjøen dei tek mesteparten av livemåten sin, og fisking driv dei seint og tidleg. Aldri reiser ein havbokke på sjøen og kjem heimatt steikjar; for ingen veit so vel alle fiskeplassane som bokken.

På Giske, Godøya, Flø og Runde og mange andre stader, der hev bokkane vore sedde og kjende i langsamelege tider. Det er ikkje nemnande no, no vil ingen liksom kjennast ved dei lenger; men somme av gamlekarane ser no fòrene etter bokkane endå ymse stader. Det var digre karar med sidt, breidt skjegg og langt ureidt hår, jamt godt vødde i skinnstakk og skinnbrok og med sydvest på hovudet, reide til å fare til sjøs.

I Skjåhaugen på Giske budde ein bokke, og han Øygards-Ola var grannen hans og skulde halde mykje lag med bokken, er det fortalt. Der budde ein bokke på Erkne ogso, og han Ola såg ofte ljoset hjå han om kveldane. Når han Ola som vanleg for til Bergen for å selje fisken sin, so etla han so visst eit rom i båten til bokken, for han var jamt med for å selje fisken sin, han ogso. På ein slik tur sudetter eingong fekk dei eit overhendigt ver vestom Stadt. Dei silgde so hardt at mastra letta seg or sporet i kylen og låg fårleg på skeive ei rid. Men då han Ola var komen til Sætrenes sunnanfor Stadt og vinden hadde løya, då høyrde han so tydeleg kor bokken stunde og pusta so tungt:

«Å jøje meg!»

Stakkars bokken hadde havt ein hard tørn med mastra, for dei gjekk med ti mils fart den gongen.

På Flø var og ein gong ein drjug bokke. Han budde i Flødalen noko ovanfor hitt folket. Der skal syne ei rås der han brukte gå, den dag i dag. Når bokken i grålysinga kom gangande med nisteskrinet sitt og med skinnstakk og tunge sjøstyvlar, då var ‘kje Fløkarane seine å vø seg, dei heller.

Ute på øyane er det skikk at karane skal skaffe fersk fisk til julaftan. Kan dei ikkje det, so lyt dei ride naustbiten julenatta, Og mangt eit hardi tak vert teke av karane dagane fyre jul, so kvinnfolka ikkje skal ha det å seie at julefisken vantar. So var det ein gong han Sverke Flø ikkje hadde fått fisk til jul. Det hadde vore storm og uver i fjortandagsvis, og ikkje komande på sjø. Kjerringa tok so smått til å grine då det leid nær jula, og sette på, at han skulde sovisst få kukkelure på naustbiten iår, skaffa han ikkje fersk fisk!

«Pass lefsene dine, du kjerring,» svarte Sverke, «so skal eg syte for fisken.»

Litlejulaftan kom, men same stormen var det. Men Sverke nøydde seg på sjøen likevel, han. Folk meinte han måtte ha mist vitet, då dei såg han skudde frå land; for rett som det var, sågst ikkje båten att i sjødrevet. Men millom kvar fuke kunde dei liksom øygne ein gasta kar på framtofta, medan Sverke sjølv sat med bakårane. Då skyna folk, at Sverke hadde bokken med seg. Leid på kvelden kom han Sverke att med lasta båt. Men då var kjerringa hans smørande blid.

På Lianes i Ørsta hev der i langsamelege tider vore bokkar.

Etter god gamal skikk skal konnet vore truska tiI jul; men eit år hadde det gått so trått for han gamle Lars, det var liksom ikkje arbeidet vilde falle det året, som han var van. Grannane gjorde narr av dette, og sa at det var noko til seinvorne og yrkjeslause folk der i tunet no.

Gamle Lars gjorde seg vondt av dette, men visste ikkje si arme råd, det var alt dagen fyre litlejulaftan.

Men dei hadde ikkje for vel lagt seg om kvelden før det vart slikt ståk og slik yverstode i løda at det høyrdest langan leid. Det berre dunde på låven, og nokon var det som brukte tustrane, både vel og kraftigt, det var greitt. Lars trudde det var nattegangarar som vilde halde ap med honom, fordi han ikkje hadde truska frå seg som dei andre, og la seg roleg til å sove. Fyrst då det lyste av dag, stod han op og gjekk ut for å sjå om dei hadde gjort noko sers gale borti løda. Men nett med det same han kjem ut for stovenova, då kjem bokken ut av lødøra, andpust og raud, og turkar sveiten med raudhua si.

Då han Lars kom inn på låven, var alt konnet truska og skjedda, halmen vel oprist og alt so fint og vel fråseggjort, som han sjølv skulde ha gjort det, og vel so det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *