Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Svein i Ur'n

Ei stussleg bjørnaveiding

(Svein i Ur'n talar um gamletidi)


Han Endre i Skør'n, grannen min, tala um at ein gong var det to karar uppi Vang som skulde stad skyte bjørn. Det var endå i den tidi då syllaterane hadde munderingane og geværi sine og amusjonen sin kring på gardane. Det var soleis miliærgevær og militæramusjon det nytta.

Karane råkte snart inn på ein bjørn. Den eine skadeskaut. Bjørnen kom farande på to med ein illherveleg skrik og vilde ta han som skaut. Den hin som hadde ladt børse, sette i.

«No kjem 'n!»

Dermed tok han spranget. Bjørnen sender seg over han som skaut, og tek til lamre på han. Karen vart slegen over-ende, men so la han seg føre som han var daud. Bjørnen sette seg attåt han og høyrde etter um han teva og såg etter um han rørde seg. Då bjørnen ikkje såg noko livsteikn, sette han stad grava upp ei hole i ei myr. Med han grov, såg han alt i eitt upp um karen skulde røra seg. Men bjørnen såg ikkje betre enn at skyttaren fekk drege åt seg børsa og ladt med bjørnen grov. Då han var ferdig, skaut han bjørnen, so han seig saman i grefti han hadde grave.

«Du grov greft åt me, men no datt du sjøl ne-i!» sa mannen høgt for seg sjølv, då han såg korleis det gjekk.

No kom ogso den andre skyttaren og vilde ha sin lut, endå so stakkarsleg han hadde fare åt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.