Kilde
Fjordenes Tidende
27.desember 1999
Av Hjørdis Otneim

Ei tragisk hjortejakt

 
Den 14. april i 1642 var det saketing på Nore i Davik skipreide.  Fogden Peder Lauritsen, sorenskrivaren Iver Anckersen og 17 lagrettemenn, inklusivt lensmannen Elland Nore, var møtte fram.  Og som vanleg var det også ein tingallmuge til stades.  Det var fleire saker oppe på tinget denne dagen, eg skal her ta føre meg ei sørgjeleg hending som fann stad seinhaustes i 1641 og som blei teken opp på denne tingsamlinga på våren året etter.  Saka tok til med at fogden hadde stemnd til tings Mogens Samuelsen Echaas, Anders Rasmusen Sundall, Jacob Andersen Køllisdall og Gunder Gregorissen Kiøllesdall for at dei skulle fortelje kva dei hadde høyrt om det drapet som hadde funne stad oppe i fjellet Alle helgens dag hausten før.  Desse fire kom for retten og svor eiden før dei etter tur fortalde kva dei visste.  Set ein saman alle opplysningane som kjem fram om denne hendinga, ser det ut til at følgjande hadde skjedd.

Rasmus Gregorissen Kiøllesdall hadde vore ute i skogen og skava bork nokre dagar før Alle helgens dag.  Då han kom frå skogen og ned til Eikås, sa han til Mogens Samuelsen som budde der, at han hadde sett eit dyr på svært nært hald, og at han hadde sett det fleire gongar på same staden.  På Alle helgens aften, som var på ein søndag, sende Rasmus bod til Anders Oelsen Hattlegierde om at han måtte komme og ha med seg børsa.  Det gjorde han.  Mogens sjølv, i fylgje hans eiga forklaring, hadde vore motvillig og ville ikkje gå dit før han hadde blitt bodsend tre gongar.  Grunnen var at han ikkje var frisk og orka ikkje gå så langt inn i skogen.  Han kom likevel med, og dei tre la ut på jakt etter dyret som mest truleg var ein hjort.  Dei kom på skothald av dyret og såra det.  Dagen etter som var Alle helgens dag, gjekk dei alle tre etter dyret igjen.  Mogens hadde inga børse mens Rasmus hadde ein snapplås børse og Anders ei fyrlås børse.  Sorenskrivaren sat og noterte medan vitna fortalde, og slik høyres den mest spennande delen av historia ut med Iver Anckersen sine ord, litt modernisert for at det skal bli forstått av dagens lesarar:

Og som de gikk, sagde Rasmus:  ”Drenge, vi vide ikke av før end vi kommer på dyret, lader oss legge fengkrutt på bøssene”.  Og da de kom opp i fjellet gikk Rasmus fore, Anders nest effter og Mogens som dette prover, allersist effterdi han havde ingen bøsse.  Og fant de fire leier der dyret havde ligget på sneen, og på det femte lå det.  Da de så dyret, syntes Rasmus at han var kommen det alt for nær.  Og da slo han seg nedenfor bakken og snodde sig, og bar sin bøsse over hovudet på sig og bli sittendes.  Og med det samme som han kaster sig neden for bakken, slog han med sin bøsse opp under Anders sin bøsse så Anders sin bøssemule kom på Rasmus sin side og brende av med samme så Rasmus ble igjennem skutt.  Da sagde Rasmus ” O Gud bedre mig, nu skiøtst du mig igjennom.”  Anders svarede:  ”O, nei, broder min.”  Atter sagde Rasmus, ”Det er gjort”.  Og siden gikk Mogens hjem etter hest og slede og tok Anders Rasmusen Sundal med seg opp i fjellet der Rasmus lå såret og der også Anders Hattlegjerde hadde sittet hos ham, og de førte ham ned til Eikås.  Adspurte Anders Sundall hannom på veien hvorledes det tilgikk at han således blev skutt.  Svarede Rasmus Gregorisen:  ”Det var uvillig verk at jeg aff Anders sin bøsse bleff skutt, men at hans bøsse var spent, visste jeg ikke.”  Videre provet han at Jacob Andersen Kiøllisdall kom til Rasmus da de havde ført ham ned til Eikås og båret ham inn i stuen, da tok Jacob ham uti hånden og tilspurte ham om Anders var skyldig i hans død.  Hvortil han svarede at han var alldelis uskyldig uten det at han ikke visste at Anders sin bøsse var spent.  Gunder Gregorissen Kiøllesdall som er Rasmus sin broder provet at straks effter at Rasmus var nederfart til Eikås, kom bud til ham at han skulle komme deropp.  Og straks Gunder kom uti stuen, sa Rasmus til ham:  ”Kommer du der broder min.  Nu giver jeg dig til, og alle menniske på Jorden er”.  Og Gunder tilspurde ham;  ”Hvor går det dig nu broder?  Hvortil han svarede:  ”Gud bedre mig jeg er igjennomskutt av Anders Hattlegjerde sin bøsse i mot hans vilje og han haver ingen skyld i min død.”  Videre provet Gunder at Rasmus bad ham at han derfor ikke skulle tynge på Anders Hattlegjerde ettersom Gunder ham med trussel og hårde ord hadde tiltalt fordi han ikke annerledes aktet sin bøsse som han hadde uti hendene. 

Rasmus døde der på Eikås like etterpå.  Dette gjekk tydelegvis svært sterkt inn på Anders, for straks etter blei han sjuk og låg for det meste til sengs til etter jul då han også døde.  Dette var ei tragisk historie, men den hadde også sitt etterspel som for oss i dag verkar merkeleg.  Denne rettsaka hadde kosta pengar, og det skulle betalast.  Elland Nore, lensmannen i Davik skipreide, Rasmus Nave saman med Rasmus Endal og Enok i  Davika hadde fått i oppdrag å granske buet etter desse to som var døde.  Det viste seg at det var lite og ingenting å hente.  Då forstår ein at det kanskje var reine armoda som førde til at dei gjekk på hjortejakt i ei helg, noko som var strengt forbode av øvrigheita og som dei vel visste.  Tredjemann, Mogens Samuelsen Eikås, blei så stilt for retten og utspurt av fogden fordi han sammen med dei andre to hadde gått på hjortejakt ”to helligedage effter hver andre og på Alle helgene dag blev Guds ords tjeneste uti Davik kirke som er deres sognekirke forrettet med sin fri forsett og vilje gikk uti marken med de andre tvende uti den mening at de ville drepe et dyr som strengeligen uti loven forbudt er”.
Der var inga unnsk yldning for dette, kjem det fram, fordi denne lova blei befolkninga påmint om på nesten kvart einaste ting.  Ingen fekk gå etter dyr i dei forbodne tider og spesielt ikkje når det var helg og presten stod på preikestolen.  Saka enda med at den uheldige Mogens Samuelsen Eikås vart dømd til store bøter for både ulovlig jakt og helligdagsbrøde.  Dei seks lagrettemennene som avsa denne dommen var Oluff Hessevik, Rasmus Nave, Elling Berle, Rasmus Endal, Hans Skram og Rasmus Ytternore.  Det kan synest underleg at Mogens Samuelsen Eikås skulle bli så hardt dømd av dei bøndene som blei oppnemnde som domsmenn i denne saka.  Ein skulle kunne vente seg ein litt mildare dom etter det sørgjelege som hadde hendt.  Men lova var klar og streng, og både fogden og sorenskrivaren var øvrigheita sine representantar som hadde ansvaret for at alt gjekk rett føre seg på tinget, så straffa blei han.
Den skadeskotne hjorten, stakkar, høyrer vi ikkje meir til.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *